Orienteringsløpar døydde i skilulykke

Den sveitsiske landslagsløparen i orientering, Pascal Buchs, er død, melder Swizz Orienteering.

Buchs vart 27 år gammal. Han døydde under ein skitur i Valais, som ligg i den sørvestlege delen av Sveits,Buchs var medlem av den sveitsiske landslagstroppen sidan 2018. Han konkurrerte jamleg i verdscupen. I fjor tok Buchs sølv i stafetten under militær-VM.

Han representerte den finske storklubben Tampereen Pyrintö.

Buchs dreiv også med fjell-løp, der han blant anna vart verdsmeister på U23-nivå.

Читайте на 123ru.net