Enormt comeback då storfavoritten vann storslalom

Julia Scheib var ein av førehandsfavorittane og innfridde då ho køyrde inn til siger i kvinnenes storslalåm i Kronplatz i Italia.

– Ho er bankers i storslalåm og ein av dei store OL-favorittane, sa Vsport sin kommentator, Henrik Jonassen, når ho kryssa målstreken.

Ho tok med det sin fjerde siger så langt denne sesongen i storslalåm.

Thea Louise Stjernesund låg på ein femteplass etter første omgang, og enda som nummer sju til slutt, 1.48 sekund bak.

Italienske Federica Brignone var tirsdag tilbake i verdscupen i alpint etter at ho pådro seg ein alvorlig skade i april 2025.

Brignone, som vann verdscupen samanlagt i både utfor og storslalåm i 2025, låg som nummer sju etter første omgang, og køyrde seg éin plass opp.

Madeleine Sylvester-Davik enda på 38.plass og kom ikkje med til finaleomgangen. Mina Fürst Holtmann kjørte ut i den første omgangen. Det er hennar fjerde renn på rad utan verdscuppoeng.

Читайте на сайте