Vonn deler bilde frå sjukehussenga – operert for tredje gong

Alpinist Lindsey Vonn er operert for tredje gong, det deler ho på sin eigen Instagram-profil.

– Eg har hatt min tredje operasjon i dag og det var vellykka, skriv ho.

Den amerikanske superstjerna skulle gjere OL-comeback i utfor førre søndag, men etter få svingar datt ho stygt.

Ho pådrog seg eit komplisert brot i leggen. Det skjedde berre veker etter at ho fekk korsbandet avrive i eit fall i Crans Montana.

Onsdag har 41-åringen delt ei ny oppdatering frå sjukehussenga.

–Suksessen i dag har ein heilt anna meining enn det hadde for nokre dagar sidan. Eg blir stadig betre, og sjølv om det går sakte, veit eg at eg blir bra igjen, skriv ho vidare.

Vonn gjorde comeback før jul i 2024. Då hadde ho ikkje køyrt eit renn sidan 2019. På veg mot årets OL hadde ho fleire topplasseringar, blant dei to verdscupsigrar.

Ho har hatt store skadeproblem også tidlegare. Det høgre kneet er bygt opp at titan.

Читайте на сайте