Hegerberg mållaus i Meisterliga-kvartfinale – Wolfsburg tok første stikk

Ada Hegerberg klarte ikkje kome på skåringslista då OL Lyonnes tapte 0-1 i den første av to kvartfinalekampar i Meisterligaen mot Wolfsburg.

Hegerberg var ein av fire norske frå start i oppgjeve, saman med lagvenninne Ingrid Syrstad Engen.

På motsett banehalvdel stilte Thea Bjelde og Justine Kielland frå start for Wolfsburg, som vann kampen.

Laget i grønt tok leiinga allereie etter 14 minutt. Vivien Endemann plukka opp ein feilpasning frå Lyoness og sende ballen opp til Lineth Beerensteyn, som sette ballen i nettet for dei grøne.

Kielland blei bytt ut etter 70 minutt, like før Hegerberg blei tatt av banen for Lyoness.

Laget møtes att til nytt oppgjer 2. april.

Читайте на сайте