Russisk domstol ber om 18 år i fengsel for amerikansk journalist
Den russiske påtalemakta ber om 18 års fengsel for WSJ-reporter Evan Gershkovich. Det melder Reuters. Gershkovich er tiltalt for å innhenta informasjon om ein russisk stridsvognprodusent då han arbeida som journalist i Russland. Han sjølv seier han ikkje er skyldig, skriv Reuters som siterer russiske nyheitsbyrå. Det var i fjor at Evan Gershkovich blei pågripen, og har vore i russisk fengsel sidan.