Torsdag melde FN at det er hungersnaud i delar av Darfur i Sudan på grunn av krigen som herjar i området.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) seier det hastar med å få fram hjelp.
– Hungersnaud er den mest alvorlege svoltsituasjonen og betyr at menneske dagleg svelt i hel og døyr av sjukdommar som kroppen ikkje har krefter til å stå imot, seier ho i ei pressemelding.
Noreg er blant landa som har bede dei krigande i Sudan om å gi FN og humanitære organisasjonar tilgang for å få inn hjelp, seier Tvinnereim.