Val i Romania: Sosialdemokratane er størst
Sundag hadde Romania parlamentsval. Valet er det andre av tre val som skal avgjera både ny president og ny nasjonalforsamling. Sosialdemokratane er størst, men ytre høgre gjorde det godt, ifølge valdagsmåling. Det sosialdemokratiske partiet (PSD) ligg an til å få flest stemmer, viste målinga då vallokala stengde sundag kveld. Partiet har ei oppslutning på 26 prosent. Det høgrenasjonalistiske partiet Alliansen for rumensk eining (AUR) og sentrum-høgre-partiet USR har til saman 34 prosent av stemmene. Читать дальше...