Påtalemakta i Sør-Korea opnar straffesak mot president Yoon Suk-Yeol. Det melder Reuters.
Presidenten overlevde laurdag ei riksrettavrøysting i nasjonalforsamlinga. Søndag blei det kjent at han er oppført som ein av dei mistenkte i unntakstilstand-saka dei etterforskar.
Yoon innførte militær unntakstilstand i landet for fyrste gong på 40 år, og sende soldatar ut i gatene.
Nasjonalforsamlinga blei sperra av, men likevel tok 190 av dei 300 folkevalde seg inn. Deretter røysta dei for å oppheve unntakstilstanden, som presidenten måtte bøye av for.