Barth Eide optimistisk om våpenkvile i Gaza
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) seier det er ny optimisme om moglegheita for ein våpenkvile mellom Israel og Hamas. Eide deltok laurdag på Doha-forumet for politisk dialog i hovudstaden av Qatar, der Gaza-krigen var eitt hovudtema. – Det var eit veldig bra forum, på eit viktig og dramatisk tidspunkt, seier Eide. Qatar varsla laurdag at landet på nytt vil innta rolla som meklar i forsøk på å få i stand ein våpenkvile mellom Israel og Hamas, skriv NTB.