Tromsø vann toppkampen
Tromsø slo Ranheim 2-1 borte i toppkampen i 1. divisjon og er åleine på tabelltoppen med fire strake sigrar. Ranheim er trass tapet framleis nummer to. Kent-Are Antonsen og Eric Kitolano gav Tromsø leiinga 2-0, før Erik Tønne reduserte med TILs første baklengsmål denne sesongen.