World News

Målrik transportetappe for Liverpool

Liverpool gjorde jobben og gjekk greit til semifinalen i meisterligaen. Dei slo Benfica samanlagt 6-4 etter 3-3 i returkampen på Anfield, trass i at Liverpool starta med berre fire av spelarane som vann 3-1 i Portugal i førre veke.

Ibrahima Konaté heada Liverpool i leiinga etter 21 minutt, men Goncalo Ramos utlikna etter 32. Det stod 1-1 ved pause.

Roberto Firminio scora to gonger og gav Liverpool 3-1 midt i andre omgang.

Men gjestene gav ikkje opp, og Roman Jaremtsjuk og Darwin Nunez greidde å utlikne.

I dei siste minutta hadde laga eitt annullert mål kvar. Men Liverpools semifinaleplass var aldri truga.

Читайте на сайте