World News

Tre bilar i kjedekollisjon ved Gamle Bergen

NRK.no 

Politiet melder at tre bilar klokka 07.47 var involverte i ein kjedekollisjon på E39 Åsaneveien ved Gamle Bergen i retning sentrum. Det vart først meldt at det var fem eller seks involverte bilar. Alle skal ha kome seg ut av bilane, og det er ikkje opplyst om personskadar. Ein av dei skal ha vore i sjokk etter hendinga. Naudetatane er på staden og melder om at det ikkje er lekkasje eller røyk frå køyretøya.

Politiet starta manuell dirigering etter ulukka, og klokka 08.30 er vegen open att. Vegtrafikksentralen melder at dei reknar med det blir ein del etterslep i trafikken med kø ei god stund framover. Politiet melder at det ikkje er mistanke om rus.

Читайте на сайте