World News

Miljøorganisasjonane kallar budsjettet ein klimasiger

NRK.no 

Miljøstiftinga Zero, Naturvernforbundet og WWF Verdas naturfond meiner budsjetteininga mellom SV og regjeringa sikrar ein viktig siger for klimaet.

– Eit av dei svakaste klimabudsjetta på mange år er no styrka på viktige område. Det er særleg bra at SV sikrar auka CO2-avgift på olje og gass, seier Zero-leiar Stig Schjølset.

– Me er glade for at det er sett ein stopp for råkøyret etter havbotnmineral, og at fleire dramatiske naturkutt er reversert, seier Truls Gulowsen i Naturvernforbundet.

– SV har gitt neste Storting ein sjanse til å stansa hasteprosessen ein gong for alle.

Det seier generalsekretær i WWF Verdas naturfond Karoline Andaur om at regjeringa midlertidig stansar utvinning av mineral på havbotn.

Читайте на сайте