Eksplosjon i silo
Ein eksplosjon skal ha funne stad i ein silo i Meløy i kveld. Det melder politiet i Nordland. Siloen står på eit fabrikkanlegg. Grunnen til eksplosjonen er så langt ukjent. Det er ikkje meldt om personskadar.