World News in Norwegian
Август
2018

Новости за 21.08.2018

NRK.no 

Vogntog av vegen

Eit vogntog har køyrt av vegen utanfor Stavanger. Det blir meldt om store materielle skadar, men føraren av vogntoget ser ut til å vere uskadd. Det melder politiet i Sør-Vest på Twitter. Det vil ta tid å få vogntoget ut av grøfta.

Dagbladet  

Sjokkvending i drapssaken som ryster USA

En 33 år gammel mann fra Colorado er siktet for drapet på sin gravide kone og deres to døtre. I en politierklæring kommer det fram at han mener kona kvalte døtrene.

NRK.no 

Taiwan mistar endå ein alliert

Taiwan er i ferd med å miste sin tredje diplomatiske allierte i år, skriv Reuters. Det blir ikkje oppgitt kva land dette gjeld. Tidlegare i år har Burkina Faso og Den dominikanske republikken kutta banda til Taiwan, som ligg i konflikt med Kina.

NRK.no 

Ingen pris til Sigrid

Ålesund-jenta Sigrid Raabe var nominert i kategorien Push Artist of the Year under MTV Music Video Awards, men nådde ikkje heilt opp. Vinnaren i denne klassen vart Hayley Kiyoko, skriv VG.

TV 2 Norge 

Ti turister mistet livet i flom

Minst ti turister har omkommet i en plutselig flom i Calabria-regionen helt sør i Italia, opplyser lokale redningstjenester. Flere er savnet.

NRK.no 

Vil ikkje stoppe reforma

Samanslåinga mellom Troms og Finnmark er lagt på vent. Men det må ikkje stoppe heile regionreforma, meiner fleire fylkesordførarar Klassekampen har prata med. – Vi er komne for langt, meiner fylkesordførar Rune Hogsnes (Høgre) i Vestfold.

NRK.no 

Legg skulda på sjukehusa

Norsk foreining for allmennmedisin (NFA) meiner sjukehusa skyv for mykje arbeid over på fastlegane. No skal fastlegar, KS og helseføretaka møtast for dialog. Ifølgje Aftenposten er det direktør Stig Slørdahl i Helse Midt-Norge som inviterer til møtet.

NRK.no 

Grande vann popprisen

Ariana Grande med sin song «No Tears Left To Cry» har vunne popprisen under MTV Video Music Awards i natt. Det melder USA Today. Cardi B, Bad Bunny and J Balvin med «I Like It» har vunne kategorien for beste sommarsong.

Verdens Gang 

Etter sommervarmen

Det hjelper lite om man begrenser CO2-utslippene i Massachusettes om man fortsetter å gi full gass i Kentucky.

NRK.no 

Sikta for drap på kone og born

I Colorado i USA er 33 år gamle Christopher Watts sikta for drap på si gravide kone og sine to døtrer, melder VG. Det er førebels ikkje kjent korleis Watts stiller seg til straffeskuld. Det skal vere ei høyring i saka tysdag.

NRK.no 

Person pågripen i Stockholm

Måndag kveld vart det funne ein mistenkeleg gjenstand på Djurgården i Stockholm. No er ein person arrestert mistenkt for å ha sett ut gjenstanden, som vart sikra av den nasjonale bombegruppa i 01-tida i natt. Det melder SVT.

NRK.no 

Trump opnar for Iran-møte

USA-president Donald Trump seier han ikkje bryr seg om kor vidt det blir eit møte med Iran-leiar ayatolla Ali Khamenei. – Vil han møte meg, er det bra. Om han ikkje vil møte meg, så kunne ikkje brydd meg mindre, seier Trump ifølgje Reuters.

NRK.no 

Held fram som statsminister

Malcolm Turnbull held fram som statsminister i Australia. Han vart utfordra av innanriksminister Peter Dutton, som også høyrer til den liberale partiet. Men med 48 mot 35 røyster er det klart at Turnbull held fram i si gjerning, melder NTB.

NRK.no 

Arresterte for spionasje

To iranske menn vart måndag arresterte fordi dei skal ha spionert for Iran i USA. Dei skal ha overvaka eit jødisk anlegg og samla inn informasjon om personar knytt til den militante iranske opposisjonsgruppa Mujahideen-e Khalq, melder Reuters.

NRK.no 

Testar 5G på Svalbard

Telenor skal teste den nye 5G-teknologien på Longyearbyen, melder NTB. Det var også på Svalbard 4G-teknologien for første gong vart prøvd ut. I tillegg til å teste 5G skal Telenor også prøve ut annan teknologi, som målingar av CO₂-nivå i lufta.