World News in Norwegian

Orkanen Idalia: Trur ikkje South Carolina vil bli like ille som andre orkaner

NRK.no 

Guvernøren i delstaten South Carolina i USA, Henry McMaster, trur ikkje orkanen «Idalia» vil ramma delstaten like hardt som tidlegare orkander, skriv CNN.

– Men han vil bli øydeleggande, sa McMaster på ein pressekonferanse onsdag.

Orkanen er venta å treffa den sørlege delen av delstaten seinare i natt. Guvernøren oppfordra innbyggjarane til å bli heime medan stormen pågår.

Idalia har ført til store overflommingar i delstaten Florida, der stormflo og mykje nedbør er årsaka. I meir enn 30 fylker langs Gullkysten blei folk bedne om å evakuera i forkant av stormen. Så langt er over 300.000 husstandar i Florida og Georgia utan straum.

Читайте на сайте