World News in Norwegian

Demonstrant kuppa MGP-sendinga

NRK.no 

Ein demostant avbraut MGP-sendinga laurdag kveld.

– Beklager avbrytinga. Det pågår ein krig, og vi kan gjera meir. Noreg kan gjera meir, sa demonstranten.

Tidlegare i kveld demonstrerte Aksjon for Palestina utanfor publikumsinngangen på Marienlyst. Dei krev at Israel ikkje får lov til å delta i den populære songkonkurransen.

Demonstrantane la seg på bakken, iført blå vestar med blod på for å symbolisera journalistar som har blitt drepne i krigen.

Читайте на сайте