World News in Norwegian

Frankrike: Hentar heim turistar frå Ny-Caledonia

NRK.no 
Frankrike: Hentar heim turistar frå Ny-Caledonia

Militærfly hentar heim turistar frå Ny-Caledonia, skriv NTB. Turistane blir flogne vidare til Frankrike med kommersielle fly.

Flyplassen i hovudstaden Nouméa er stengd etter uroa som blussa opp førre veke, på grunn av ei ny lovendring i det franske stillehavsterritoriet.

Lovendringa skal gi stemmerett til rundt 25.000 franske innvandrarar som har budd på øya i over ti år.

Frå før har berre urfolka og dei som har budd på øya over lenger tid kunna deltatt i val. Det var for å oppretthalda balansen mellom urfolk og nye innbyggarar.

Urfolket Kanak har lenge kjempa for sjølvstende, og skuldar den franske regjeringa for å no fremja eit lovforslag som fleirtalet på øya er imot.

Ny-Caledonia er eit fransk-styrt territorium, med indre sjølvstyre. Øya blei kolonisert av Frankrike på midten av 1800-talet.

Читайте на 123ru.net