Orienteringsløpar døydde i skilulykke
Den sveitsiske landslagsløparen i orientering, Pascal Buchs, er død, melder Swizz Orienteering. Buchs vart 27 år gammal. Han døydde under ein skitur i Valais, som ligg i den sørvestlege delen av Sveits, Buchs var medlem av den sveitsiske landslagstroppen sidan 2018. Han konkurrerte jamleg i verdscupen. I fjor tok Buchs sølv i stafetten under militær-VM. Han representerte den finske storklubben Tampereen Pyrintö. Buchs dreiv også med fjell-løp, der han blant anna vart verdsmeister på U23-nivå.