Vanskelege køyreforhold etter vêromslag
Det er krevjande føreforhold på fjellovergangane E16 Filefjell og Rv. 52 Hemsedalsfjellet etter vêromslaget dei siste dagane. Det er no regnbyer og plussgrader, og det vaskar vekk saltet. – Entreprenørane saltar for harde livet, men det blir ein evig kamp. Så der åtvarar me no om glatt veg, seier trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen.